Monday, July 24, 2006

Til topps på heimebane





I ei turnering heller blotta for poengsankarar, vann teamet 2-0 over brødrene Tvinde seint søndag kveld. Semifinalen mot exmakker Alex vart grei skuring, og det same vart første settet i finalen. 21-13 vitnar om kontroll. I andre settet derimot snudde ting. Jan Egil serva veldig tøft, og dei kom opp i ei 6-1 leiing. I tillegg spelte Frode irriterande bra i side-out (ifølge dei sjølve hans livs kamp), noko som gjorde at me ikkje klarte knappa innpå noko særleg utover i settet. på 18-15 til dei tenkte eg at me måtte ut i tie-break, men eit serveess av meg og ein forsvarsball av Øystein gjorde at me fekk kontakt. Gospelet fortsette, og frå å ligge under 18-15 var me i leiing og hadde matchball på 20-18. Men då klarte dei sideouten til 20-19. Timeout for teamet, slagplan lagt. Jan Egil serva som venta tøft, men Øystein tok bra i mot, han fekk eit ok legg, og matchballen vart mura på 4 meter 3 cm frå linja. Seier til oss, 50 poeng og kjekt å vinna ein velspelt finale.

På damesida vann Terese Lindblom med makker som året før.

No har me hatt eit par dagar restitusjon/spysjuka før det brakar laus med trening mot ny turnering i Eid til helga.

No comments: