
Denne helga reiste med på Nivå 1-turnering på Eid. Laurdag morgon spelte me mot unggutane i BK Tromsø, Lars og Lars. Dei yppa seg litt, men me hala det iland etter eit jevnt andresett. Så skulle me spele mot Tvinde/Eithun, ein kamp eg grudde meg til. Umuleg å sei kva dei kan finne på på forhånd, og med høgt servepress frå dei og tidvis dårleg legging av meg, gjekk me på eit surt 2-1 tap i storm i kasta på Eid. Dette vart eit skjebnesvangert tap for oss, for tap i alle andre kampar enn akkurat denne ville ført oss ut på ei mildt sagt snill side av bracketten. Men slik gjekk det altså ikkje. Laurdagskvelden var det grilling ++ i sentrum av Eid, men teamet tok som vanleg tidleg kveld. Søndags morgen spelte vi mot Are Hjeltnes med makker, men dette baud ikkje på dei store utfordringane. Deretter stod Arne og Nils for tur. Dette er eit godt lag som har brukbar sideout, og ein forjævlig bra serv i Nils Numme sine servar. Men dette blei kanskje vår beste kamp til no. Me spelte veldig bra trass enormt servepress frå Nils. Øystein spelte god sideout, og vann kvar einaste nettduell mot den 10 cm høgre Arne på nettet. Me plukka dei meir i sideout enn dei plukka oss, men det hjelpte ikkje når Nils sette dei to-tre essa som skulle til for å vinne settet, 21-19 til dei. I andre settet spelte me og veldig bra og hadde settball på 20-19, men to serveess av Nils avslutta denne kampen. Dermed vart det sjuendeplass på oss, Arne og Nils vant turneringa, og våre andre overmenn fekk fjerdeplass. Dermed vart dette vår dårligaste plassering i turnering, og fyrste gangen me ikkje har komme til semifinale. Men me er allikevel fornøgde med spelet på søndagen, og me reiste oss bra etter ein maxruindag på lørdag.
No comments:
Post a Comment