Wednesday, July 19, 2006

Ny 4.plass for teamet





Etter mykje god mat og ei god natts søvn hos Trine i Ålesund bar turen til Molde. Når me først hadde funne banene blei vi ganske straks sendt ned på ei bane midt nede i skogen eit stykke unna. I bilen hadde vi med oss motstandarane våre, brødrene Hordvik. Brødreoppgjeret starta katastrofalt for Holstad/Holstad. Tap i første sett, og eit andre sett der vi låg under 12-4. Heldigvis starta blokk forsvar jobbinga å lønne seg og side-outen funka. Utruleg nok snudde vi settet til seier 26-24. I siste sett leika vi med bergenserbrødrene og hadde full kontroll, 15-10 til oss. 2-1 seier.
I neste kamp i "vinners" møtte vi Storebø/Wergeland, eit lag me ikkje har dårlige erfaringer med. Dei imponerte i første sett, men i andre funka blokk forsvarspelet vårt såpass bra att settsifra blei litt styggare for dei og bra for oss. 2-0 seier.(Ikkje stygt skrive dette heller vel kjetil?)
Søndag opna vi kamp mot Lyng/Johansen i kampen om semifinale, her tok me første sett, men tapte greit i dei to neste. Mykje bra spel, men ruttisane var best. Tap 1-2.
Vi havna i "loosers" og fikk nok eit forsøk om å nå semifinale, her møtte vi Oxaal/Stenså. I første sett var det jamnt, men me vann 21-19. I neste sett blokka Åsgeir dødens dal laget sønder og sammen, desverre fikk Stenså ein skade og laget måtte trekke seg på siffera 16-12. Dermed var me inne i semifinale.
Vi møtte Huseby/Hellum nok ein gang, vi holdt dei bra, men dei eldste var best nok ein gang, tap 21-18 og 21-17. Tap 0-2.
I bronsefinalen møtte vi nok ein gang Lyng/Johansen som herja med oss gjennom to enkle sett for dei. To slitne vikjakropper hadde ingenting å stille opp med. Tap 0-2.
Dermed endte vi opp på 4.plass med 1300kr og 70 rankingpoeng. Vi er godt nøgde med helga sjølv om spelet varierte stort. Sola strålte og begge blei ganske så røde og solbrente i løpet av dei to dagane i Molde, Trine lo av oss når vi kom dit søndagskvelden.
Seieren gikk til Huseby/Hellum oetter å ha slått Leite/Holtan 2-1. 10000kr til dei.

(Ellers hadde me forrige helg lokalturnering i Vik som vi vann greit. Søndagen spelte eg og Geir Nummedal krinsmeisterskap(ssfOpen) der me vann knapt over nokre lokale juniora. Alkohol var innteke kvelden før, om ein kan skulda på detta. 2 Fanta og 100krinsrankingpoeng i premie)

Vedlagt er bilder fra lokalturneringa i Vik.

No comments: