Sunday, October 26, 2008

OV oppdait

Siden sist har me spelt to seriekampar, og to cupkampar.
Turen til Stavanger var kjekke, bortsett frå kampen mot Randa, dei var stygt gode, og eg hadde ein skikkelig rævkjørt-feeling etter den kampen der. Trur dei vert stygge i år, og trur nok serien blir å stå mellom Nyborg og dei. Denne kampen viste me at me er alt for dårlege i angrep til å henge med blant dei beste. Dagen etter spelte me mot TVN, etter ei natt på sovesal. Sosialt og kjekt, og sove 9t e nice. Fekk testa den nye Mikasaen, morromorro. Me vann greit 3-1 etter å ha rokkert mykje på laget. Underteikna spelte midt for første gang på eit par år, sidan Feitas-Ole ikkje kunne vere med. 7 blokker, 6 angrep og 1 serve er ok resultat for meg.

Denne helga har me spelt 16delsfinale og 8delsfinale i cuppen, mot henholdsvis Spirit/Lørenskog og Holstad IL. Det morsomste med denne dagen var at Holstad hadde 2-3-Holstad som kamprop. To greie 3-0sigrar og mykje Jazz.

Neste helg er frihelg, då skal me slave for damelaget som skal spele Nordic League. Så ventar kvarten i cuppen og heimekamp mot Førde. Eg lyt nok rekne med å spele midt i dei to kampane, sidan Feitas-Ole skal til Brasil med jobben.

Ellers har Darek starta å trene oss innimellom, og dette er eit stort steg på trening, i forhold til kva me er vande med.

Åsgeir

No comments: