Thursday, October 23, 2008

Oppdait Team Ni

Mr. Ni, Nanna, Pjah, Pisch, like horse, ta ta doing har no køyrt oss hardt i snart to månader. Av speleøkter dei siste 14 dagane kjenne me god framgang og me er alle endå meir motiverte no enn då me starta.
Ni fokusere vedlig på teknikk i angrep, så det blir mykje smikking. Skuldre og rygg får svi litt, men med litt rehabøvelsar og styrke held me kroppen i sjakk. På mandag måtte eg ty til ein fysioterapitime grunna vond rygg, akkupunktur skulle verta løysinga, men minstemann og nåler er ein dårlig kombo, eg forsvann i drømmeland og måtte køyrast heim av Spinny. Eg, Spinny og Knut var på klinikken så og sei til samme tid, dei lange blir tydligvis straffa hardt med defektus illtøvealtis.
Me har og vore så heldige att høvdingane har villa hatt oss med på trening, så siste månaden har me trent ein del med både Jørre, Maaseide, Iver og Ronny. Øktene har vore svært lærerike og motiverande for oss "unge".
Ellers gjer Randaberg innendørs det svært godt, kampen i helga var overbevisande, dei kan vinne både serie og cup, eg håpar dei gjer det. Litt rart å ikkje være med innandørs lengre, men no som beachvolleyen går sopass bra angrar eg absolutt ikkje på valget med beach over indoor.

Beachbomslivet er hærlig :)

Snakkis

No comments: