Friday, October 10, 2008

Ny kamp!

Oslo spelar idag mot Kristiansund. Dei har hatt ei endå dårligare oppkjøyring til sesongen enn oss, og tapte alle fire kampane i midt-nordisk, blandt anna mot Gløs og Åsheim. Men tradisjonen tro stiller dei sterkare mot Oslo volley, og har fått med seg to rutinerte spelarar i Jon Grydeland og Espen Gøranson. Kampen går 1300 i KFUMhallen, og på www.poengliga.no, samstundes.

Ellers hadde eg ein meget rar dag i går, og eg kan ikkje ta dette som eit teikn på noko anna enn at eg er vorten feit. Idet første time starta revna buksa mi i rævva (2mnd gammel Levis 506 Standard til 1500 spenn).. Eg måtte kjøre max høyvann, og hadde heldigvis skjorte, så fikk dekka det nesten over. Men i siste time vart ege ferska av klassen, til stormande jubel. Når eg skulle gå heim igjen, halv seks, midt i røsjet på ein fredag, revna den heilt ned til knitte. Følte meg stor når eg gjekk over Oslo City med hvit underbukse og bleike lår!

Levis, dette vert ein sint mail!

1 comment:

Anonymous said...

People should read this.