Sesongåpningen idag gav 0 poeng for Oslo Volley. Nyborg var eit par hakk bedre i ein kamp som var spelemessig prega av at det var tidleg i sesongen. Oslo har bare hatt 3 treninger sammen med sin nye oppleggjar, Devon Miller. Nyborg vant 3-1, og var bedre i blokk, hårfint bedre i angrep og gjorde generelt eindel færre feil. Daniev gjorde ein fin debut da han vart bytta inn for Åsgeir tidleg i 2 sett, men kunne ikkje forhindre ein fortjent Nyborgsiger. Devon spelte og ein svært god kamp, og stod fram som lagets beste både i blokk og forsvar. Det er mykje som kan forbedrast fram mot neste kamp om 14 dagar, og med litt meir samspel kan årets utgave av Oslo Volley hevde seg endå eit hakk høgare på tabellen enn i fjor.
Scores: 1-3, 22-25, 21-25, 25-19 og 18-25.
Nyborg: 6 serveess, 11 blokker, 45 angrep og 36 poeng på Oslofeil.
Oslo: 6 serveess, 7 blokker, 41 angrep og 28 poeng på Nyborgfeil.
Tilskuere: 10 (enormt forbedringspotensiale).
Devon: 4 blokker, 1 serveess.
Leif: 10 angrep, 2 blokker.
Daniev: 7 angrep, 2 serveess.
Øyvind: 7 angrep, 1 serveess.
Åsgeir: 5 angrep, 1 serveess.
Petter: 10 angrep.
Kleivenes: 6 angrep, 1 serveess, 1 blokk.
I ein annan kamp i eliteserien for herrar vant idag Kristiansund 3-0 over TVN.
Saturday, September 27, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment