Etter ein skuffande innandørssesong for oss begge, er me no attende på sanda. Øystein har vore i Oslo ei veke no, og me har fått med oss to turneringar og ein heil del trening.
I Kolbotn vart me nr 3 etter tap mot Gøranson/Ingeborg i semien. I tillegg tapte me for Holtan/Wergeland over tre sett i runde 2. Me slo to juniorlag, hardtsatsande Kronstad/Engebretsen og Dale/Strømsvåg. Godt nøgde med plasseringa etter kun to treningar sammen.
Denne halga spela me Eliteturnering på Ringerike, med alle laga på plass utanom Kjemperud/Skarlund og Maas/Horrem. Det enda tilslutt med ein femteplass, i ei meget velorganisert turnering. Dommarar frå forbundet, ein meget dyktig arrangørklubb, knall vær og overnatting ved idylliske Gomnes vart det ei fin helg. Etter bye i runde 1 møtte me Spinnanger/Berntsen i runde 2, og vann kontrollert 2-0. Så var det vær Nemesis frå i fjor på andre sida, Johansen/Bjørbækk, nok ein gang måtte me slå oss slått, nok ein gang etter tre sett. Så slo me Kleiva/Jackobsen i loosers i dag morges, så Dale/Strømsvåg, før det vart bom stopp mot stygg seredrill frå Øyvind Hordvik. Bra nøgde, men skulle gjerne bitt litt meir ifrå oss i den siste kampen.
Neste helg vert det spelefri, før me kanskje skal spele Kristiansand helga deretter. I juli skal me iallefall spele Karmøyturneringa, og NM. Utover dette vert det ikkje så mange turneringar saman, men kanskje nokon med vikar.
Sunday, June 08, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Kjekt at dere er tilbake i sanden,sammen-----------KLEM
Post a Comment