Sidan sist har eldstemann steppa inn for ein skada Kobbis saman med Trygve i Kristiansand. Siden Magne var skada, og Øystein hadde heimetjeneste, passa det fint med ei turnering saman med Trygve.
Me hadde eit par treningar før avreise, mest for å avklare kven av venstrespelarane som måtte gi slepp på favorittplassen. Me hadde viss startproblem i turneringa, i møte med Strømsvåg/Dale. Gjennom heile kampen var det svært ustabilt spel i sideout, og det føltes stort sett best å ha serv.
Problema fortsatte i neste kamp. Me sleit oss til ein knapp seier mot Nilsen/Herrebrøden, type kamp der ei bør seriøst bør vurdere å legge opp dersom ein ikkje vinn. Men dei spelte bra i sideout, og med motivasjonen på bånn var det jamnt til 9-9 i skiljesettet.
Neste og siste kamp gjekk mot Spinnanger/Hordvik, årets WC til Grand Slam i Stavanger. Me klarte å gire oss skikkeleg opp til denne kampen, og spelte mykje betre enn tidlegare. Eg klarte endeleg legge noko betre til Trygve, og med stygg drill i Blokk og forsvar vann me 21-13 i første, me hadde og grei kontroll i andre og leda 14-11 og 19-18, men sideout, serveess og plukk fra dei gjorde at me tapte 21-19. Skiljesettet var jevnt til 10 poeng, då drog dei ifrå og vann klart. Surt etter å ha spela bra, og hatt det i lomma i andre sett. Dei fekk og ein "lett" kamp etterpå, så potensialtet for ein femteplass var absolutt tilstede.
Me enda dermed på 9endeplass, ikkje fornøyde med det, men kjekk helg var det lell. Super bevertning hjå Peter på Nuten, god pizzafra Peppes, og mykje god mimring om Kristoffer Robinson.
Me tok bussen heim søndag morgen, og etter forsoving fra busssjåfør, eit hjul som falt av, bytte av buss, rygging inn i anna buss, øydelagt do, og Trgve etterlyst på Intercom, kom me heimatte til Oslo i tretida.
Høgdalen vann finalen mot Bjørn og Espen, som foir første gang i år måtte sjå seg slått. No ventar frihelg, førdet brakar laus med Asker Open om to veker. Då håpar eg at Sofastein kjem bortover, for Asker ser ut til å bli ei knall turnering. Pis ut.
Monday, June 23, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment