Sunday, September 30, 2007

Seriestart

Brothers sine lag hadde serieåpning i helga. Randaberg fekk uventa hard kamp mot Topp Volley, men vann tilslutt skiljesettet med 15-10. Øystein låg sjuk heime i senga, så han var ikkje veldig delaktig i nestenfadesen.

I Oslo møtte vi idag Førde, eit lag som var i Tromsø og gav deng 3-0 i går. Dei er tippa heilt i toppen, og har Noregs einaste betalte spelar i troppen. Men det haldt ikkje mot eit nykomponert lag i Oslo, som tilslutt vann 15-13 i tie-break. 4 av 7 i 7aren var nye spelarar for sesongen, så enda har me mykje å hente på samspelet. Men alt i alt strålande fornøgde med siger.

Åsgeir var ikkje veldig delaktig i sigeren, kun sporadiske innhopp i blokk i denne kampen. Oslo har ein god stall, så det vert hardt for eldstemann å få speletid i år....

Lesestoff frå Volleymedia:
Oslo er best: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article3028113.ece
RIL slapp med skrekken: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article3027065.ece
Før-sak: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article3025724.ece

No comments: