VestCup i helga vart ei særs overraskande turnering for meg og mitt nye lag, Oslo Volley. Etter to veker med trening, og utan å ha stått i oppstilling ein einaste gang, var det vanskeleg å seie kvar landet låg før møtet med dei andre elitelaga i Stavanger.
Me kjøyrte frå Oslo klokka kvart på elleve, over alle fjella med alle småvegande i hele verda, og ankom Stavanger og Rica klokka kvart over seks. Ein kjapp tur på butikken og innkvartering i stormfulle 18ende etasje, før fyrste kamp mot Topp volley. Eg starta i midten fordi Ole Martin ikkje var framkommen endå, men etter han kom vart det eit sett på benken, og to som diagonal på meg. Bortsett frå i et sett var ikkje Topp Volley spesielt Topp, og me vann greit 3-1.
Neste dag spelte me mot Førde, som er tippa å kniva heilt i toppen av årets serie. Me tapte det fyrste settet, men deretter vann me dei 3 neste greit, etter god blokkering.
Søndagen måtte Ole reise, og det var tilbake i midten med meg. Me vann 3-1 mot Norge 40+, utan altfor store problem. Det var jevnt heilt til me fann ut at me skulle serve kort, då var det gjort.
I finalen møtte me Randaberg med Øystein på laget. Dei hadde tapt mot Nyborg og Norge 40+, men tok seg til finalen ved å slå Førde i krysspel, og Nyborg i semien. DEt vart ein lang kamp, der Randaberg tilslutt vann 17-15 i tiebreak. Me burde vel vunne denne med tanke på at me hadde 14-12, men ein smash ut og tøtsj på ein Randasmash som gjekk ut, og vips så tapte me.
Følte meg ikkje delaktig i denne kampen, lite er midre gøy enn å spele midt når alle mottaka er på tremeteren slik at ein får 2 legg på 5 sett, og når ein då er dårleg til å blokke, så er ein mest for banefyll å rekne.
Denne helga skal me spele treningskampar mot OSI (med eller utan meg, er sjuk for tida), medan Øystein for første gang på ein månad skal ha frihelg, og derfor mest sannsynleg vert å finne ved eit vannhull.
Thursday, September 20, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment