Øystein har no starta opp i Stavanger, med jobb i Vegvesenet og indoorkjør utav ein anna verden sammen med Randaberg. Dei har allereie trena i snart 4 veker, og vore på 3 oppkjøyringsturneringar, alle har enda med siger.
Eg flytta i starten av september til Oslo, og søker jobbar, mest i A/S Noreg. Etter mykje fram og tilbake med kven eg skulle spele for, der eg har trena med OSI i 1div og Oslo Volley i Eliten, bestemte eg meg tilslutt for å ta eit år til i Eliten, saman med Oslo Volley.
Det har vore eindel utskiftningar der, viktigast er det vel kanskje at Vegard og Simen har lagt opp. I tillegg har laget fått eindel spanande tilvekstar, Ole Martin Kleivenes frå Kr.sund, Kristian Helland frå Topp Volley (libero), og tre spelarar frå Hønefoss, deriblandt Alex Jackobsen fra Jackobsen/Jørstad, som me hadde mange fine fighta med på sanda i sommar.
Beachsesongen slutta ganske kjipt for Holstads, i og med at me kanskje gjorde vår dårligaste turnering for sesongen, og me avslutta sesongen med tap mot pokipoke/gamlis, og i noko som kanskje var den aller aller dårligaste kampen me spelte i sommar. Treningsmessig har det ikkje vore bra nok i siste halvdel av sesongen, og sjøl om ting flaut bra fram til byrjinga av august, vart det alt for lite ball fram mot NM, noko spelet vårt desverre bar fryktelig preg av.
Men no vert det mest indoor framover, og mest sannsynleg står teamet på kvar si side av nettet allerede under Vest Cup i Stavanger til helga.
Tuesday, September 11, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Lykke tell, gutta!
Post a Comment