Tuesday, June 19, 2007

Heimtur/Ålesund

No har me reist heimatte til Vik, og på vegen for me innom Ålesund for å spela turnering. Me havna i ei hard gruppe, men klarte vinna to kampar 2-1 før gruppefinale mot HOIHOIHOI. Denne vart ikkje særskild spennande, og me fekk 16 og 17 poeng. Kvartfinale søndagsformiddagen, nok ein gang mot Petter og Magnus, denne gangen vart det tap 2-1, men me var mykje nærmare no enn i finalen i Bø. Dermed vart det femteplass denne helga og. Det var uansett ei kjekk helg hjå svigers for Åsgeir, og likeså for Øystein og Marit på hytta med Strømsvågs.

No er det ferietid i Vik, samt litt jobbing, og trening på ettermiddagstid. I morgon reise me til Sogndal for å trena med Loftesnesgalningane.

Til helga er det turnering på Hønefoss, her er me rank 5, og møter nok ein gang Petter og Magnus, samt Tvinde/Tvinde og eit kvalliklag. Alt ligg med andre ord til rette for nok ei kjekke helg!

No comments: