Sunday, June 10, 2007

2 plass i Bø og 5 plass i Fredrikstad

Sist helg blei det både oppturar og nedturar for teamet. Etter rett ut av bilen og ut på bana klarte me å tape fyrste kampen i Bø. Eit ungt og ivrig lag var akkurat for sterke for oss, og me klarte ikkje avgjere trass i plenty av sjangsar. Resten av kampane gjekk meget greit, fram til finalen, der me var sjangselause mot Petter/Magnus.

Dagen etter var det nivå 1 turnering i Fredrikstad. Her fekk me ei tøff opning mot Ragnar/Håkon, og tapte i klare sett. Morgonkampane våres er som regel begredelige, dette var vel kanskje ein av dei verste. Så venta puljefavoritt Bjørbekk/Berntsen. Dei var eit lite hakk for veike på nette denne gangen, trass i tidvis ondskapsfulle flakkservar på eldstemann.

Så venta kvarten mot eit av Norges beste lag, Ingeborgrud/Gøranson. Me hadde taket på dei i starten av fyrste sett og hadde 12-9 til teknisk, men derifrå og ut var dei betre enn oss.

Dermed enda me på 5 plass. Denne helga er det fri frå turneringar. Medan yngstemann er i Mosjøen og ligg på latsida, er det hardt kjøyr med 2 økter om dagen for oss som er i Trondheim.

Neste stopp vert ålesund neste helg. Det vert spennande!

No comments: