Saturday, March 10, 2007

Treningsuke 1 over

Vakre Copacabana.

Første treningsveke er over og me er godt fornøyd med innsatsen og opplegget. Med oppkast på mandagstreninga kunne det berre gå ein veg for neste dag og resten av veka. Veldig varierte øvelsar med legging, forsvar og mottak har vore prioritet denne veka. Me kjenner att me er på god veg framover. På torsdagen spilte vi også treningskamp mot Jobst(tyskeren vi bodde med i jor) og ein brasse. Her vann me 2 av 3 sett. I tilleg spilte vi King of the beach, der Dag til slutt vant. Denne lange spilleøkta gjorde att "kraften" mangla på fredagstreninga. Kommande treningsuke skal vi ha enda 2 fleire balløkter.
Me har vore flinke og lage oss mat, det går mest i biff fra senesterke oksar, men kylling er også ein del på menyen. Me trur att eit godt kosthold og ein reinsleg kåk kan vera med på å holde kroppen godt igang og hindre sjukdom. Det er ganske varmt her, se bilde under.


Ellers går fritida mykje med til filmar og seriar som ligg lagra på den 300giga store eksterne harddisken Strømsvåg har fått fra Statoil. Eg har funne ein ny favorittserie og 18episodar av den amerikanske serien HEROES er blitt nøye studert den siste veka. Ellers har eg og gjort pittelitt skule, sidan me har hatt midtsemester forrige denne veka. Oppgåva er levert. Dag har også tatt patent på eit nytt Pokerbord(se bilde under)

No går helga med til tanning, styrketrening og kvile.
Her ser de til høgre, verdas Queen of the Bach, Shelda, bildet over. Også rævva hennes på bildet under.
Ikkje alt er like fint å sjå på, se kontrastene under.
Fint

Ikkje så fint.
Me snakkast.



















No comments: