Monday, March 12, 2007

Semifinaleklare!

Dragvoll utan Øystein tok seg greit vidare til semifinalen etter 3-1 i heimekampen mot Randaberg. Ustabilt spel i første sett førte til settap, men me tok oss i nakken og presterte nok til å vinna dei tre neste setta. Anders slår som vanleg inn mange ballar, og Karl gjer eit fint innhopp for ein halvskadd Sevian på kanten. For min eigen del gjekk det ok, litt fraværande i blokk, men ein del angrepspoeng, og eg enda på 16 poeng, eit unna Øysteins all time high i midten.

No ventar Nyborg i semifinalen, eit lag me har eit veldig knapt tap mot, og eit veldig klart tap mot i grunnserien. Fyste kamp er heime på Dragvoll fyrstkommande søndag klokka 1400. DEretter vert det ein eller to kampar i Bergen helga etter, avhengig om det står 1-1 i kampar eller ikkje. me satsar på å vinne, men for å få til det må me forbedre oss frå Randabergkampane. Håpar det vert ei bra treningsveke, sjøl om eg har starta den med sår hals og er tett i tryne. Håpar eg er i form att til trening i morgon.

Her finn de statistikk frå kampen: http://stensvolldesign.no/nvbf/
Volleymedia: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article2636936.ece

Ellers blei Trine og Gløs merkeleg nok utslegne av Tromsø Volley, ganske uforståande for oss som såg fyrste del av den kampen, der alt tyda på fullstendig overkjøyring.

Siste nytt frå teamrepresentanten i dei varme strøk er at han drite og er uttørka. God bedring brossjan.

Etter mildver og nedbør den siste veka er det snart snøfritt i Dødens og. Sandsokkane er bestilt, eg gler meg!!

No comments: