Me er fortsatt ubesigra på heimebane etter at Randa vart sendt vidare til Kristiansund med 0-3 i bagasjen. Ikkje noko stor kamp av oss som lag, men mottaksspelet var veldig mykje betre enn sist helg. Mykje av skulda for dette har nok Torodd, hans rutine er viktig for roa i mottak. Jens spelar og bortimot prikkfritt.
Øystein spelar sin desidert beste kamp til no i Eliten, og tek luven av Jørgen i midten hjå Randaberg, samtidig som han bankar inn 5 av 6 legg.
Ein grei siger mot eit tafatt lag, og Randaberg får det tøft med å nå sluttspelet no. Noko som sikkert passar oppleggjar Dag ganske fint:-)
Han og Øystein har bestilt seg Brasilbillettar denne veka, og avreisa er satt til 1 mars.
Idag tapte og Nyborg mot Tromsø, noko som fører oss opp a poeng med Nyborg og heilt jevnt i settforskjell, men dei har framleis ein kamp mindre spelt. Det kjem mykje mogleg til å verte ein avgjerande kamp for kven som får 2plassen når Nyborg kjem på besøk i Februar, sett at me gjere jobben mot Oslo Volley og Kristiansund.
Tabellen: http://www.cupassist.com/volleyball/index.php?serie=m
Volleymedia: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article2517391.ece
Statistikk: http://stensvolldesign.no/nvbf/
Sunday, January 14, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
3 comments:
Ufysleg bilde!!!!!!!!!!
nei syns det var fint eg!!
Han va kjekk. E da han so e bestebroren?
Post a Comment