Monday, January 08, 2007

Tap i første seriekamp i det nye året!


Me tapte i helga 3-1 i ein parodi av ein volleyballkamp i KFUM-hallen i Oslo. Ingen av laga kom opp på eit ok nivå i denne kampen, men sia Oslo var minst dårlege vann dei til slutt denne kampen. Me vann eit kjempejevnt fyrstesett 31-29, og leda det andre 20-12, men derfrå og ut vart det mykje baluba og lite bra volleyball utpå parketten. Gult kort til meg og stygt tap i andre sett, påfulgt av mykje krangling med dommaren utover i settet, noko som toppa seg med Kjetil sitt raude kort og utvisning på 19-19 i fjerdesettet. Sidan leggar2 har meldt overgang til Tromsø, måtte me leggje frå midten. Det endte som det måtte, og me tapte 25-21. Artigaste hendinga i kampen var då Mr Høidalen bemerka etter Kjetil si utvisning; "Det er lov å kaste stoler nå gutter!"

Poengligaen med statistikk: http://stensvolldesign.no/nvbf/
Eliteserietabellen: http://www.cupassist.com/volleyball/index.php?serie=m

No er me ferdige med årets bortekampar i grunnserien, og ser fram mot ei rekkje heimekampar før sluttspelet tek til, med Randaberg som fyrste motstandar.

Bildet er frå Julegristurneringa i Naustdal 2 Juledag.

1 comment:

Anonymous said...

Å! Kem e han dritfine framme til høgre??