Etter at Trine og dei andre Gløshaugenjentene hadde slege OSI 3-0 utan å slite seg ut altformykje skulle me møte fjorårets cupvinnar og sølvmedaljevinnar i serien, BK Tromsø. Dei stilte med fullt lag minus han svære i midten, og stjerner som Terje Øvergård og Rune Torsteinsen er store profilar på det laget.
Men me opna bra og var i føringa heile fyrste settet, og sette tilslutt inn settballen via Myrra, til 25-21.
I det andre settet låg me lenge håpløst bak etter fomlande spel og mykje feil frå vår side, me gjorde det lett for BK Tromsø, som hadde ei 20-13 leiing. Då gjekk Sevian bort til Rune og spurte om han kunne få komma inn å serva litt. Han serva oss opp i ryggen på dei med god variert serving, og via flakkeservar og harde hoppservar var me a poeng med Tromsø. me kjempa oss forbi, og eg, Kent og Anders tremannsblokka Terje ned til settseier i 2 sett (Kent som traff, eg fekk ikkje med meg at dei to andre var der eingong).
I det tredje settet var det jevnt heile vegen, men me leia til rundt 22-21, då kneip Tromsø eit par poeng på direkten og hadde settball på 24-23. Denne fekk me avverga, og Anders gjekk på serv. Via godt press fekk me to poeng på rappen, Øystein slo inn til 25-24 og blokka ned Terje på matchballen til 26-24. One word: Deilig!!
Nytt i denne kampen var at eldstemann fekk ta mottak, noko som faktisk resulterte i minst to mottak som kom fram til leggaren!!! Artig å få lov til å ta del i den biten av spelet og, ikkje berre det som føregår på nettkanten!
Lenker:
Jens sitt referat: http://www.ntnui.no/volleyballd/news.php?newsID=231
Volleymedia: Dragvollsjokk mot BK Tromsø: http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article2350592.ece
Poengligaen: http://stensvolldesign.no/nvbf/
Tromsøs hjemmside med linkar til Avisa Nordlys:
http://bkt.custompublish.com/seier-og-tap-i-helga.371262-6646.html
Namdalsavisa:
http://www.t-a.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20061016/SPORT/110160123
Monday, October 16, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Steike bra karer!!!
Post a Comment