
Første seriehalga vart ein jojoopplevelse for teamet og dei andre spelarane på Dragvoll. Etter bra spel og siger 3-1 i Førde på søndagen, samt bra gevinst på Nordic sitt fantastiske oddstilbud, kom me kjapt nedatt på jorda i søndagens kamp. Lite fungerte hjå oss, bortsett frå fremragande mottaksspel og forsvarsspel av Libero Jens Eftang, og når då Nyborg i tillegg har ein god dag, vart det stygge siffer tilslutt. Dermed vart det kun to poeng på oss før returen til Bartinggrad. Hyggelig var det iallefall å møte på ein god del av elevane frå Sunnfjord FH som sjølve spelte kamp i Naustdal, samt mor, far, søster og kompisar i Stemmemyrhallen på søndag. No vert det skule og hard trening denne veka, før me kanskje skal møte den største favoritten til seriegullet ved sida av Nyborg, nemlig BK Tromsø. Men me skal ikkje gi oss utan kamp, og satsar på å setje ein støkk i nordlendingane.
No comments:
Post a Comment