Oslo gjekk på eit klart tap 3-1 på laurdag mot Nyborg, og eit jamnt tap mot Førde på søndag. Spesielt kampen mot Førde var kjipe å tape, sidan me leda to av setta me tapte ganske klart. Spesielt i det siste kor me hadde 22-20 gjorde me alt for mange feil p åslutten, og gav vekk leiinga og alle poenga til Førde. Førde spelte ein fantastisk kamp i blokk/forsvar, og fekk også herje vilt i angrep, også på forholdsvis dårlige situasjonar.
Me har no teke 9/21 poeng i serien, og det ser ut til at om det skal bli noko edelt metall må dette verte i cøppen. Me møter Nyborg i Bjørnholthallen søndag førstkommande kl 13:00, til semifinale. Det vert nok litt "altelleringenting" i den kampen, kor seier gjer dette til ein utruleg kjekk sesong, mens tap gjer dette til "just another season".
Nyborg har vunne dei 2 møta mot oss tidlegare i år, og er ubeseira så langt i sesongen, men det vert spanade å sjå om me kan bryte denne rekka. Nøkkelen ligg nok i serven, sidan me serva alt for dårleg i helga lyt nok denne utbedrast om me skal ha håp om cupfinale i januar.
Tuesday, November 25, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment