Turneringa i Asker var ei knall turnering. Arrangøren hadde lagt ut to baner i sentrum, ordna garderober/dusj/badstu gjennom SATS, stort telt til spelarar og arrangørar, eigendesigna spelartrøye, ekstra tshirt til kvar spelar, lunsjdeal på middelalderbaren Lancelot, mange ballar og eigen DJ. Turneringa holdt NMstandard så det holdt!
Laurdagen starta med sol og 30 grader. Spelet vårt varma og, og me vann 21-15, 21-7 mot Wergeland/Thomassen. Kamp 2 var mot Inge/Gøran, og me tapte ikkje uventa, med siffera 21-19 og 21-14. Dei vann tilslutt turneringa føre Wergeland/Holtan.
Så kom regnet, og herifra og ut øsa det stort sett ned. Steintunge ballar det var umulig å legge flakk i, kaldt vær og dårlig spill vart resepten for resten av kampane våre.
Me vann 2-0 kontrollert mot Nilsen/Jørstad på laurdagskvelden. Heimatte og eta digg lasagne a la Trine, ut at på søndag for å spele mot Ole/Alexander Leif. Har trent mot dei ein del i det siste, og bittert å tape 2-0 i møkkavær og møkkaspill i kamp om kvartfinalen. Me produserte eigentleg meir enn nok poeng på overgang, men sideouten var elendig frå begge to. Me vart alt for passive, og spelte slapt og utan glød. Svært skuffande resultat, og ikkje minst svært skuffande plassering. Men dei spelte svært bra, karra seg seinare til semien, og Alexander Leif fekk bestemannspremien i turneringa. Fullt fortent. Sykt forsvar av ein syk mann med eit sykt mellomnavn.
Til helga vert det Roadtrip til Molde med Magnus og Alexander Leif. Då kjem Øystein oppover, og da vert kjekt med ei Brothersinsandturnering atte!
Monday, July 07, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
3 comments:
Pappa og mamma kjem og!!!!!!!!Vi gler oss
JA! Den sinnsyke mann med mange navn har nå fått offentliggjort sitt lenge hemlighetskremmeriende mellomnavn. Men dette skal man ikke kimse av. Med nytt navn dukker det opp nye muligheter: Leiflex,smashleif,LEIF IS LEIF,Smashleif... Jeg velger å ikke forfølge Åshild i sitt provokative skittsmørende,uthengende,flaulagende,rykteskapende arbeid på i smøre det nydelige navnet som jeg velger å kalle THE LEIF ut over hele volleynorge. Kall meg meg hva dere vill, men når ballen dundres forbi dere med en allmektig kraft, kom ikke da å si: Hvem er det og hva heter han?! For ja;da er det sansynligvis SMASHLEIFLEX som sier velkommen til min verden,her kan man hete hva man vil!
det jeg var ute etter, takk
Post a Comment