Monday, December 03, 2007

OV til Vestlandet, 1-6 i sett, 1300 km i bil, jevligt me snø, to bulka bilar og eit dødt rådyr.

OV tapte 3-0 for Nyborg på lørdag og 3-1 mot Førde på søndag. Spesielt kampen mot Nyborg var jamn, men forsterka med Endre Synnevåg vart Nyborg hakket for vasst tilslutt. Nytt av året var at eg denne gangen fekk speletid, men kanskje var det derfor me tapte?

Kampen mot Førde var jamn innimellom, Men dei hadde den definitivt beste spelaren i Geir Eithun, og me tapte mot eit betre lag. Er sjelden eg har sett eit norskt lag med så bra balanse i blokk og forsvar, som gjorde det enormt vanskeleg å drepe ballen i periodar.

Det er berre å bøye seg i støvet og trene meir! Neste helg møter me BK Tromsø, også det kan verte ein tøff batalje.

Øystein og Randaberg tapte 3-1 mot Kristiansund i Stavanger, og er ganske sikkert enormt misfornøyde med det. Kristiansund er tippa å havne i botnen saman med TOPP Volley, noko dei har levd opp til så langt. . Men det haldt mot Randaberg, som var jamne i blokk, serv og angrep, men gjorde enormt mange fleire personlege feil. Tykkjer det er merkeleg svakt av laget som trenar desidert nest mest i Norge.

For tallenes tale etter helga: www.poengliga.no

No comments: