Friday, November 16, 2007

Serierunde

Me i Oslo skal spele mot Kristiansund i helga, eit lag Oslo aldri har slege. Kristiansund stiller nok med max mannskap, sidan dei satsar max på å komme i form til cupfinalen om ein og ein halv månad. Dei skal visstnok og ha forsterka laget med ein midtblokkar frå Canada http://www.volleymedia.no/nyheter/elite/article3125186.ece. Me stiller alle mann all i helga, så det vert spennande å sjå kor det ber avgårde. Kampen går 1500 i KFUM-hallen.

Randaberg har spelefri i helga, noko som passar Øystein fint. Han er tilbake i trening, men er framleis prega av overtråkket, og er ikkje 100% enda.


2 timar så er det helg:-) Weeeeee.

No comments: