Tuesday, May 08, 2007

Siste uka med partnerbytter!

Om ei lita veke kjem Øystein attende frå Brasil. Han har sin tredje siste treningsdag der nede idag. Han er sikkert møkk lei av beachvolley, men Åsgeir gledar seg til å få heim makkeren. Har oppe har me fått trent bra dei siste dagane, men idag ser det ut til at den normale kjølige trøndervåren er attende... Kanskje vert det ein tur i rommet etter gammalt?

Skulle egentleg ha spela turnering med Blokkuter Jens Lohne Eftang på søndag, men me fekk beskjed om at det var fullt av lag, og at dei ikkje rakk å arrangara for fleire. Turneringa varte i 4 timar, og var ferdig klokka 1400...

Lista er oppdatert med eit par navn til, og eg trur ikkje eg har gløymt nokon så langt!

Første turnering for Team Holstad er Nivå 2 i Dødens dal 19 mai (Trur det vert for langt og tett opp i eksamen og dra til Nivå 1 på Lier denne helga).

No comments: