Saturday, May 19, 2007

Årets fyrste turnering








Bildene er frå finalen, og er tatt av Camilla Bøe


Etter ei veke med mykje trening med elendige resultater, med tap mot Robert/Bård, Torodd/Frode, Jens/Eivind og Karl/Dag var me svært usikre på kor me stod før turneringa i Dødens idag. Me opna nølande mot eit uranka lag, og sleit til tider litt, men rodde i land ein 2-0 siger. 2 kamp var mot Dag/Karl, ein kamp me vann med god sluttspurt, etter å ha liggi under 14-11 i skillesettet. Deretter venta semifinale mot Torodd og Frode, noko som gjekk overraskande greit, med settsiffer 21-17 og 21-13.

Finale mot Karl og Dag igjen, som starta bra for oss, med siger heile 21-10 i fyrste settet. Det andre settet starta med forrykande serving av Dag, og god blokkering av Karl, og etter å ha vært 6-7 poeng bak fra starten av, kom me aldri nærmare enn to poeng før settet gjekk i deira favør. Men i tiebreaket vann me greit 15-8, etter å lukkast godt med servetaktikken, og blokk/forsvarstaktikken.

One word: Deilig!

http://www.volleyball.no/t2.asp?p=4773&x=1&a=198018

No vert det litt kvile og eksamenslesing i morgon!

1 comment:

Anonymous said...

Gratulerer----no er dere i gang!