Friday, April 13, 2007

Takk for matn statn og høg apefaktor

Hei, her kjem eit raskt innlegg om ny rekord i matinntak og matinnhandling. Eg og Dag klarte onsdag 11.04.06 å innta ein tacomiddag der me fortærte over eit kilo kjøttdeig. Dette resulterte i berre 2 knekkebrød til frukost dagen etter og berre ein heimelaga pizza hver til middag. Dette er det største måltidet som vi har tatt inn på turen. Ellers ligg Dag eit lite hakk foran på magesekkstørrelse i det han klarer å spise hakket meir og hakket fortare enn meg. Eg må berre ta av meg hatten, dei einaste eg trudde kunne slå meg på eting var brødrene mine, Åsgeir og Håvard, men no har Dag og vist overmakt og eg er dytta av pallen.

Ellers går me to ganger i veka på fabrikken, eller butikken om du vil. Butikken er så stor derfor har den fått navnet fabrikken. Onsdag tok vi ny innhandlingsrekord der kassalappen blei ca 40cm lang og summen blei 196Real, dvs, nesten 600kr. Me snakke full handlekorg.



Under vises bilde av matskap.


Og her er bilde av kjøleskap.



Takk for matn statn.


I tillegg har Dag mobba meg masse for att eg har sjukt lange arma, eg har liksom ikkje merka det. Men når eg såg gjennom bilda fra ilha grande såg eg att Dag sin teori om att eg hadde høg apefaktor verkeleg kunne stemme. Sjå bilde under.

På gjenhør.




3 comments:

Anonymous said...

Du gløymde Anders Øystein. Sjøl om han har tapt seg i det siste.

Anonymous said...

hehe, ja, han er i ein eigen klasse. han er ei maskin faktisk.

Marit said...

har du ikke tenkt på at du har lange armer når du kan ligge med hendene i kors, selv om jeg ligger oppå magen din? ;)