No er det veldig lenge sidan sist og mykje har skjedd. Sportslig har dei siste to vekene vore noko under pari, men ferieringa har vore svært bra. Både eg og Dag har følt ein del motgang på treningane spesielt siste veka, vi er litt usikre på kvifor, men mykje trening, litt småsjukdom for Dag og ilha grande tur på meg kan ha gjort litt utslag. Heldigvis kjentes alt svært bra ut når vi spelte treningskamp sist torsdag. Då gjorde begge ein svært god opptreden noko som har resultert i auka motivasjon mot ny treningsveke.
Vi har hatt oss ein tur på sukkertoppen og fått sett mykje utsikt over Rio. Under kjem bilder.
Her er meg og Dag i dødsboksen på veg opp på toppen, allikevel var vi ikkje så redde som eldstemann i Holstadteamet forrige tur mot toppen.
Forrige helg drog eg og Marit til ei vakker øy 3 timar sør for Rio, Ilha Grande. Her var me på båtturar, snorkletur, Lopez Mendes og ein liten kajakktur(blikkbokskajakk). Verden er absolutt ikkje stor, på øya traff eg ein militærkompis eg ikkje har sett på to år(Tru det eller ei så traff eg også militærkomopise igjenn når vi var ute i Lapa i Rio i natt, eg såg opp og der stod han på ein veranda 10 meter over oss, heilt sjukt faktisk), samt Sabine og kjæresten, som og bodde på samme hotell som oss, og Sigrid og Lennart. Ganske sprøtt. Under er bilde av meg og Marit som koser oss fremst på skuta i den grønne lagune.
Her er vi på kanskje verdens vakreste strand, Lopez Mendes.
Nedenfor er bilde av korleis vi bodde. 450kr natta for ett svært bra hotell, Pousada do Cacuara. Rom med hengekøye på verandaen og utsikt mot havet. Her er bilde av hagen vår.
Andre forsøk på å komme seg til heimekamp med Rexona Ades blei vellykka. Første forsøk venta eg og Dag i ein time på Pablo, men han kom aldri. Denne veka drog eg og Marit sammen med Pablo på heimekamp og Rexona Ades vant 3-0. Under vises andre tilskuertall enn det som er å finne på Dragvoll.
Ellers har Dag fått sitt første møte med brasiliansk politi. Bilen han satt i sammen med Pablo og Leo blei stoppa fordi Pablo ikkje hadde betalt vegavgift i fjor. Dei fikk køyre videre om dei betalte politiet 30real, dvs 90kr, viss ikkje ville politiet taue inn bilen. Om ikkje skurkar tar penga våres her nede, så gjør politiet det.Det var alt for denne gang.
3 comments:
Dag ser nå ut som ein gammal sliten ingeniør :)
ha du stå øystein?
nei... det er ei badebukse. Veit det er stygt, men shorts blir for varmt.
Post a Comment