Sunday, March 18, 2007

Dragvoll-Nyborg 3-2!!







Ein rekordjevn kamp enda med siger til oss i skillesettet. 15-13 stod det tilslutt idet "Kuka" gikk bananas på Dragvoll Idrettssenter. Me gjorde 10 fleire feil enn dei, men både i blokk og serv er me vassare enn dei. Då gjer det lite at angrepsstatestikken er rekordjevn med 63 vunne ballar kvar (http://stensvolldesign.no/nvbf/). Kent spelar sin beste kamp ever (som eg har vore vitne til iallefall), og slår inn nesten alt han får i midten, i tillegg til 6 reine blokkboeng og mykje god brems. Har masse å lære av han i blokk, får freiste å plukke opp nokre tips i veka som kjem.

Kjetil spelar og veldig godt, og hjelper kantane og Anders med å få lange nok legg så dei kan gå forbi blokka istaden for I, slik som sist me møtte Nyborg.

No vert det ei veke trening før me reiser til Bergen for å spele returoppgjer lørdag 1900 i Haukelandshallen, og evt tredje kamp i Stemmemyrhallen søndag 1500.

Ute lavar snøen fortsatt ned, og beachsesongen vert lenger og lenger vekke for kvar time som går... Men kanskje gjer det ikkje so masse akkurat no?? :-)
På bilda ser de snøforholda i uttafor leiligheita i sjutida i kveld, dagens mann (Kent betjent) og Rektor Smørblid.

No comments: