Den gode sesongstarten og den gode statistikken på heimebane fekk seg ein kraftig trøkk i møte med Nyborgblokka for to veker sidan. Me tapte 3-2 i eit tett oppgjer, der deira blokkfysikk avgjorde kampen.
No på lørdag hadde me siste kamp i grunnserien, ein kamp me måtte ta eitt sett i for å sikre tredjeplassen på tabellen. Me opna bra og hadde full kontroll, og leda 24-20 i første sett. Då fekk me nokre personlege feil, og tapte tilslutt settet 32-30. Dette var mildt sagt elendig av oss, og dei personlege feila florerte. Nettfeil, mottakspling og direkte angrepsfeil held ikkje når settet skal avgjerast. 2 settet vart ei trist afære, der me sjokkerte etter fyrste sett berre kunne konstatera at Kristiansund feia oss av bana. Kraftig mobilisering og gøtsing i starten av tredje settet gav oss leiinga 16-10, og denne var aldri truga. Lite finspel og kontroll, men enorme mengder vilje gav oss det nødvendige settet. Tredje settet åpna med 0-3, ei leiing Kristiansund heldt settet ut.
Me vann dermed det nødvendige settet, og enda på tredjeplass på tabellen. Me slit med flytet mottaks- og angrepsspelet, og dette lyt forbetrast kraftig om me skal kunne ete kake med dei beste i sluttspelet. Grunnserien bestod dermed av 6 sigrar og 6 tap, der sigeren over serievinnar Tromsø nok var den kjekkaste, og den vekkdømde kampen i Oslo som den kjipaste.
No reiser Øystein til Copa om ei veke for å forbrede seg til sandsesongen, noko som betyr at underteikna lyt spele midt i sluttspelet. Får berre håpa knitti helde. På kanten vert det ein fight mellom Øyvind, Sevian og Frode, så den plassen skal nok bli bra besatt. Det vert verre med feitasen i midten:-)
I Poengligaen vart Øystein den fjerde beste blokkaren i årets grunnserie, tett fulgt av vår andre midtspelar, Kent. Eg ligger nede i røkla ein plass, med nest flest poeng på laget, og heilt average på poengstatistikken for kantspelarar i Eliten.
Tuesday, February 20, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment