Tuesday, September 26, 2006
Teamet tilbake i Norge
Sia siste postering har det skjedd litt av kvart! Teamet kom seg velberga heim til Norge etter ein utruleg kjekk tur til Tyrkia med hyggelige elevar fra Sunnfjord FHS. Etter det har eg såtte på dass i 4 dagar, og me har vore i Sverige å spelt turnering. Uvant med indoor igjen, og forma er ikkje bra etter 3 uker uten trening, og ei lita veke på skåla. Men satsar på at det kjem seg utover. I Sverige slo me fjordårstoar i SM 3-0 i den første kampen, mens vår andre kamp mot eit dårlegare lag, Team Valla, blei eit stort steg tilbake og me tapte 3-2. Kampen på søndagsmorgonen mot Sollentuna var kanskje vår beste, mot eit veldig godt lag tapte me 3-2. Deretter var kreftene slutt for alle mann, og me gjekk på ein kjip 3-0 smell mot ein hardtservande turneringsjumbo frå Tierp. Deretter bar det heimover i 10 timar, før me endeleg var heime seint, seint søndag. No er det 2 veker til sesongstart, og me skal trene hardt før me skal ut å spele dei fyrste vanskelege bortekampane, i Førdehuset og i Stemmemyrhallen i Bergen mot Nyborg. Spenninga no om dagen går på om trenarane gjer alvor i truslane sine om å gjere midtspelar av eldstemann. Det kan i tilfelle bli ein lang vinter, og teamet kan enda opp med å kjempa om samma plassen. Uansett tykkjer eg Øystein er langt forran meg i blokkarbeidet i midten, så det vil iallefall då etterkvart bli benkesliting på meg.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment