Då var årets sesong over. Siste turneringa i Dødens gjekk ikkje heilt som me håpte, og me endte på femteplass. Me rauk ut i 4Hkampen mot Hordvik/Helgebostad. I første settet ble me banka 21-12, mens me gav deng 21-11 i neste sett. Dette fortsatte i Tiebreak til 11-7, kor me gjekk på ei drøy Brink og tapte 15-13 til slutt. Utruleg dårleg av oss å tape denne kampen, og veldig, veldig, veldig surt. Men ei nettrulle og eit serveess på baksida av linja vart avgjerande, men med 11-7 har me kun oss sjøl å takke for tapet.
Me trur allikevel dette er nok til å havne på 3plass som lag i totalpotten, slik at me får sneke til oss ein del av Nesteapotten, men dette kjem me attende til seinare. Øystein (med ei turnering meir enn meg) endte på 540 rankinpoeng, noko som held til ein tiendeplass (av 280 registrerte spelarar), på den nasjonale rankingen. Åsgeir enda på trettendeplass med 490 poeng. Dermed braut teamet akkurat den magiske 1000poengsgrensa.
Me har delteke på 9 turneringar i lag, pluss at Øystein spelte Nestea Open Ålesund sammen med Magne BJ. av desse 9 var 3 nivå 2 turneingar, der me har fått ein tredjeplass og to fyrsteplassar. I nivå 1 har me fått ein sjuandeplass, ein femteplass, to fjerdeplassar og ein andreplass. Den siste turneringa var NM, der me vart nummer 9 etter å ha kvalla inn.
Dermed er den aktive delen av sandsesongen over, men på søndag morgon reiser me til Tyrkia saman med Sunnfjord Folkehøgskule, der me skal vere instruktørar for desse i to veker saman med ikonet Magne Hornes.
Saturday, August 26, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment