Thursday, August 10, 2006

NM-oppdatering

Idag vart påmeldingslista til NM i sandvolleyball lagt ut. 20 herrelag er påmeldt, og vi er truleg ranka som nr 10, noko som i teorien akkurat held til hovedrundeplass i 12lagsbracketten. Men sia KSK deler ut eit lokalt WildCard, havnar me i kvalliken, mest sannsynleg som førsteseed. Denne kvalliken vert nok knallhard å komme seg gjennom, og eg skulle aller helst sett oss direkte inn i hovedrunden. Men sånn går det nok ikkje, og me lyt spela ein tøff kvallik på fredag mot fleire gode lag. Numme/Schei, Berntsen/Engvik, Wisløff/Bøe, Kobbevik/Øvergaard og Hordvikbrothers for å nevne nokon. Sia Øystein spelte lite i fjor er me ekstra utsette på denne totalrankinga, sia kun 3/4 av poenga fra fjorårssesongen er trekt ifrå. Hadde kun årets poeng vore gjeldande hadde me vore inne. Men me reiser nedover med håp om å kvalifisere oss, så får me sjå kor langt det ber.

Etter NM er det att ei Nivå1turnering i Trh, ei turnering me satsar på å få med oss. Då kan det hende me klarar å slå kloa i delar av Nesteapotten, kanskje på tredjeplass etter Huseby/Hellum og Rom/Wergeland. Dei argaste konkurrrentane her vert nok Kjetil/Sigmund, som ligg likt på poeng med oss no. (Potten går på antall poeng i Nivå1turneringar med same makker).

1 comment:

Anonymous said...

grattis brødre i sand