Tuesday, July 11, 2006

Kort oppdeit etter lang pause.

Dei siste par vekene har vore rolege for teamet. Mykje trening og jobbing, i tillegg til spel i lokalturnering sist helg. No vert det to helgar på rad med turneringar, først Nivå 1 i Molde, så Nivå 2 i Vik (overteke etter Flåm). Deretter skal eg vekk på jobb i ei veke, mens Øystein kikkar etter ein passande makker han kan smiska med til turneringa på Eid. Me får trent ok om dagane, samman med Tvinde, Geir og Tormod, samt at Me har nokre teknikktreningar med Torill. Men det vert spennande å sjå kordan me ligg ann i Molde med tanke på den lange pausen me har hatt frå konkurranse.

Ellers gjekk det dårleg med gamleaudien som gjekk på ein smell på veg til Hønefoss. Dermed er det komme ein nyaudi i tunet, noko som er ganske kjipt.

No comments: