Sunday, June 18, 2006

Begivenheitsrik helg for Holstads




Fredag ettermiddag starta me ut frå Vik med retning Hønefoss. Men me kom oss ikkje lenger enn til Aurland, før me vart utsette for eit trafikkuhell. Me skulle kjøyre inn på ein rasteplass, og vart ikjøyrt bakfrå. Stor skade på begge bilane, dei kunne fortsetta turen, mens me venta 3 tima på VIKINGBIL. Dei kom, og etter mykje om og men kjøyrde dei oss til Fagernes, kor me fekk leigebil. Me kom så fram til Hønefoss klokka 0200, og hadde første kamp 0950. Ikkje noke stor oppladning, men me skulle gi det eit forsøk. Førstesettet mot Gunnar/Nils starta katastrofalt, og me brukte siste halvdel av dette settet til å kome igang. i andre settet spelte Øystein veldig god sideout og hamra ball etter ball inn mot eit lag som trudde dei skulle sleppe å blokke. 21-15 til oss. Siste settet var jevt til 12-11, då Øystein bankeblokka Nils til 13-11, og to poeng til på rappen gav oss 15-11. Stor lettelse i laget, og litt forundring. Deilig for eldstemann å endeleg kunne stryke Weld/Nes av "Aldri-slått-lista", og fint for Øystein og føre opp ein nytt lag på "Aldri-tapt-mot-lista". Deretter bar det rett i ny kamp mot Pierre/Christian, ein kamp eg hadde sett for meg at me skulle ha muligheitar i. Dette innfridde, og med stort sett kontroll fram til slutten av 2 settet, rodde me iland ein grei 2-0 seier. Deretter skulle me opp mot Jarle/Kim i gruppefinale, men sida Sorebø/Wergeland var klar som vinnar i gruppa me kryssa med i kvarten, valgt me å trekke oss frå kampen mot Jarle/Kim, for å spare skjøre knær og sliten kropp (25 grader og sol heile dagen).

Wergeland/Storebø hadde imponet med seirar over Rasmus/Magnus og Alex/Edward, så det var ikkje eit lag å kimse av. Men taktikken vår lykkast fullt ut, noko 21-13 og 21-7 tyder på.

Deretter bar det i semi mot Eskil/Magne, ein kamp me nok ikkje vinn kvar dag, og det enda med 2-0 tap med knappast mogleg margin 22-20 og 21-19. Litt surt, men tykte me gjorde ein kjempekamp, bortsett frå for stor feilprosent i serv, og kan være fornøyde lell. Nytt i denne kampen var at det var eg som fekk servane, kanskje det var derfor me tapte? Uansett veldig kjekt for eldstemann å få spele sideout igjen, det er ikkje kvar dag det skjer.

Deretter var det litt depping i førstesettet som enda 21 - veldig lite til Kim/Jarle, som kanskje deppa endå meir. Deretter tapte me andre settet 26-24.

70 poeng, 200 kr i premie og ein 5 timars biltur heim. Me var totalt sett veldig fornøyd bortsett frå førstesettet mot Nils/Gunnar, og førstesettet i bronsefinalen. Og bortsett frå at mamma og pappa har ein stygg liten Ford i tunet istaden for vår kjære Audi. PS: Dei gamle var eldst, og Kjell Arne/Espen vann finalen.

No comments: